Om Sørstrand

Medlemskap

Som medlem godtar man foreninga sine vedtekter og formål, og kan delta på årsmøta. Medlemskap er opent for alle som ønskjer det. 

Medlemsavgifta er på:
kr. 200,-  for medlemskap / enkeltperson
kr. 300,-  for medlemskap / familie

Medlemskapet er gyldig fra den dagen medlemsavgifta er mottatt, og gjelder på ubestemd tid. Det følgjer ingen pliktar med å vere medlem. Som medlem støttar du arbeidet, og har moglegheit til å påverke prosjektet.

Vil du bli medlem:

  • Send ein e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.. Skriv at det gjeld medlemskap i foreininga Sørstrand Folkepark, og legg ved namn og adresse.
  • Betal inn på kontonummer 3705.15.87600
  • Vipps 110793 (Hugs å skrive kven det er frå)

Prosjektet

Prosjektet Sørstrand Folkepark - Famnar om gnr 28, bnr 637 og 712, eit område på 175 daa.
Det ligg i namnet at ein gjennom dette prosjektet ønskjer å realisere de visjonar og planer som er skildra i områdevurderinga av Sørstrand friluftsområde. Det visast her til bakgrunnsnotatet, rullering av kommunedelplan Florelandet Brandsøy. Prosjektet fekk sin oppstart i 2009 av eldsjeler som ønskte å realisere badestranda. Stranda slik ho er i dag er kommen i stand takka vere stor dugnadsinnsats, pengegåve frå privatpersonar, sponsorar og Kommunen. Stranda er på kort tid blitt ein attraksjon både for fastbuande og tilreisande.

Sponsorer

Slik blir du en sponsor av Sørstrand Folkepark og blir kreditert på nettsiden vår. Pengegaver, økonomisk prosjektstøtte, gode tilbud på arbeid, gratis innsats, gaver. Vi vil bruke plakater hvor vi lister opp givere, takketekst, liste opp sponsorer på nettsiden med link til givers profil.

Visjon

Prosjektet Sørstrand Folkepark famnar gnr 28, bnr 637 og 712, eit område på 175 daa.
Det ligg i namnet at ein gjennom dette prosjektet ønskjer å realisere de visjonar og planer som er skildra i områdevurderinga av Sørstrand friluftsområde.
Det visast her til bakgrunnsnotatet, rullering av kommunedelplan Florelandet Brandsøy.

Prosjektet fekk sin oppstart i 2009 av eldsjeler som ønskte å realisere badestranda.
Stranda slik ho er i dag er kommen i stand takka vere stor dugnadsinnsats, pengegåve frå privatpersonar, sponsorar og Flora Kommune.
Stranda er på kort tid blitt ein attraksjon både for fastbuande og tilreisande.

I 2010 bestemte ein seg for å organisere prosjektet i ei eiga foreining og knytte til seg kompetanse frå ulike delar av samfunnslivet.
Dette er gjennomført, og prosjektarbeidet vil no bli intensivert under den nye organisasjonen.

Føremål

Foreininga har som føremål, i samarbeid med Kinn kommune, å utvikle og realisere Sørstrand Folkepark som rekreasjonsstad for fastbuande og tilreisande i Florø.

Foreininga skal legge til rette for idretts- og fritidsaktivitetar for born, ungdom og funksjonshemma og vil samarbeide med skoler, barnehagar og andre foreiningar som ønskjer å bruke parken.

Foreininga skal i sitt arbeid med å utvikle folkeparken ta vare på naturen, miljøet og de kulturminne som finns og den vil vere høyrings- og samarbeidsorgan ovanfor kommunen og andre instansar i saker som vedkjem området.

Foreininga sitt arbeid vil i stor grad vere basert på friviljug innsats frå medlemmar og andre og den vil finansiere sitt arbeid primært via offentlege og private støtteordningar samt gåver.

Foreininga er upolitisk, sjølveigande og frittståande og skal drivast på ideelt grunnlag.

Medlemskap er ope for alle som ønskjer det. Som medlem har du stemmerett på årsmøtet og kan såleis påverke utviklinga av parken.